Kjelde

Kjilde:  Utdrag fra artikkel av Ståle Dyrvik: Skifte som kjelde til økonomiske og sosiale forhold i bondesamfunne, s 57.

Jordegods vil oftast vera lett å spora i eit skifte og interessant fordi det fortel om graden av sjølveige. Hus er også ei tung gjenstandsgruppe, endå ho vesentleg vil vera spesifisert blant leiglendingar og husmenn. Buskap og mengd av såkorn gir sentrale inngangar til sjølve jordbruksdrifta. Det er fylgjeleg dei siste tre kategoriane som er mest diskutable. Ved å skilja mellom produksjonsgjenstandar og utstyr til forbruk kan ein danna seg eit økonomisk bilete av vedkomande hushald. I eit gardbrukarbu vil ein normalt finna eit stort innslag av den første typen, medan ein embetsmannsheim vesentleg vil innehalda ting av forbrukstypen. Som tidlegare nemnt kan ikkje skifta gi oss nøkkelen til levestandard fordi dei ikkje gir oss det fulle grepet på inntekt og forbruk. Men ved å ringa inn den delen av gjenstandsmassen som er knytt til forbruk, kjem ein likevel eit stykke på veg. Den siste undergruppa overskotsgjenstandar er meint å fanga reine velstandsytringar, som pengar, stasting, edelmetall osv. Ved nærare ettertanke oppdagar ein fort at skiljet mellom produk¬sjon, forbruk og overskot må vera temmeleg vanskeleg å trekkja skarpt og utvetydig. Korleis klassifiserer ein eit langbord, ei kjøtkvern, ein hammar eller ein sliten silkevest? Produksjon må vera å forstå som framstilling av varer av alle slag, til sal eller til eige bruk. Bearbei¬ding av varer til eige bruk kjem derimot under «forbruk». Det same gjer sjølvsagt alle slags ting som høyrer med i funksjonen «å bu», dvs. møblar, klede, matstell osv. Overskotsgjenstandar må omfatta eigneluter som har ein viss minsteverdi, som ikkje er i dagleg bruk og som har større symbolsk enn praktisk nytte. I ein norsk bonde¬heim på 1700-talet kan både bøker, tinntallerknar og finplagg truleg reknast til denne kategorien. Men dette er sikkert den vanskelegaste grensedraginga i mitt system. Praktisk er likevel ikkje vanskane større enn at dei let seg løysa: Det er ikkje den teoretiske plasseringa som er viktigast, men at ei vald løysing vert fylgd med hundre prosent konsekvens i praksis. Analyseapparatet i bruk: formuesprofilar Den grupperinga av innhaldet i eit skifte som eg føreslo ovanfor, lånte mest frå undersøkinga til Engevik (1975). Arbeidet hans gir ein interessant prøve på korleis velvalde kategoriar kan opna for innsikt i det førindustrielle økonomiske systemet. Engevik rangerte skifta sine i fire grupper på aksen fattig-rik og studerte så korleis formuen prosentvis fordelte seg på dei ulike kategoriane som var oppretta ved hjelp av analyseverktøyet. Ved å førestilla seg velstandsvekst som prosess kunne han dermed spørja kva typar eigneluter aukande rikdom nedfelte seg i. Han fekk då dette biletet. (SE TABELL)

Tabellen er firedelt der kvar ny del utdjupar ein av kategoriane i den føregåande. Første del viser at di meir velståande eit skifte er, di mindre betyr gjelda forholdsvis. Det er likevel langt frå tilfelle at dei rikaste er gjeldfrie. Det vanlege for dei er å ha både gjeld og uteståande krav. Dette syner poenget som er omtala tidlegare: Gjeld må ikkje oppfattast som utelukkande eit armodsteikn. Løyser ein no bruttoeiga opp i tre hovudkategoriar, skjer det med stigande velstands¬nivå ei relativ forskyving frå lausøyre over mot jordegods og vidare mot uteståande krav (utlånte pengar). Splittar ein som i tredje del av tabellen lausøyret i buskap og (andre) gjenstandar, viser det seg at dei rikaste har flytta stadig meir av eiga si bort frå buskap og over mot gjenstandar. Desse gjenstandane har Engevik til sist løyst opp i nyttegjenstandar og overskotsgjenstandar. Ikkje overraskande kjem det for ein dag at dei fattige omtrent fullstendig manglar luksusting, medan dei blant rike utgjer 43 prosent av alle gjenstandane. Summen av dette er då at i Engeviks sunnhordlandske skifte frå tiåra rundt 1700 vert tiltakande rikdom styrt bort frå lausøyre i vidaste forstand over mot jordeige, og så i eit neste steg over mot utlånte pengar. Det er heilt klart at det beste produksjonsmidlet til ein vestlandsbonde, buskapen, ikkje profiterer på velstandsauken. I staden ser ein også ein uproduktiv parallell til jordegodset og utlåna, nemleg ein praksis med å setja auka velstand på rein utstilling ved å investera i luksusgjenstandar. Eg skal ikkje bruka plass på å utbrodera vidare kva dette røper både om stagnerande jordbruk og om skarpe og «eksponerte» sosiale ulikskapar. (…)

 

 

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 15.04.2008

© Cappelen Damm AS