Kilde: Eit dynasti i Skien

Frå Claus Andersen til Anne Clausdotter.

 

Fra Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland. 12 portrett frå dansketida. Samlaget 2007.

(…) Frå slutten av 1500-talet var det menn i den nye dansk-norske embetseliten som vart lagmenn. Den mest interessante av dei var Claus Andersen (1626–81). Han sette sitt preg på byen og amtet som entreprenør, organisator og dynastibyggjar og gir eit spennande døme på korleis ein slik embetsmann vov inn i kvarandre embetsposisjonar og privatøkonomisk verksemd. Opphavet hans hjelpte han til å spele så viktige roller.

 Claus Andersen var futeson, og slik representerte han eit typisk utviklingssteg for den nye dansk-norske overklassa. Claus var fødd og oppvaksen i Noreg. Dette vart etter 1650 igjen meir vanleg for dei som gjorde seg gjeldande i eliten, og meir andre stader i landet enn i Kristiania. Men far til Claus, Anders Mikkelsen, kom utanfrå, truleg frå Danmark. Han dukka opp i kjeldene i 1612 som tenar for Alexander Rabe von Papenheim, lensherren i Bratsberg i åra 1609–20. Han var den første i ei rekkje av åtte lensherrar og amtmenn frå 1609 til 1675 som var i slekt med kvarandre. Anders var fut i Telemark futedømme frå 1613 til 1626, frå 1620 med Eiler Urne som lensherre. Anders kombinerte futearbeidet med å vere trelastkjøpmann. Telemark var eit stort tømmerdistrikt, og futen kravde skatt i tømmer i staden for pengar. Dei fleste store kjøpmenn i Bratsberg på 1600-talet var embetsmenn, eller dei dreiv ein kjøpmannskap som var blitt etablert ved hjelp av embetsmakt, og derfor er det treffande å kalle dei embetskjøpmenn. Dei var den viktigaste gruppa i etableringa av ei ny dansk-norsk overklasse i Noreg i dette hundreåret. (…)

I 1651 vart den 27 år gamle Claus Andersen fut i Telemark. Dette var eit stort distrikt som strekte seg frå Solum i sør og nordetter over heile Skiensvassdraget, om lag 13 000 kvadratkilometer.

Då Sivert Urne slutta som lensherre og drog tilbake til Danmark i 1655, slutta også Claus Andersen som fut. Som andre futar hadde han brukt tida til å etablere seg som kjøpmann i stor skala. Claus hadde truleg alt hatt ei hand med i forretningane til mora, og futetida hadde sikkert vore god for trelasthandelen hans. Frå 1661 kjenner vi klagebrev frå Telemark retta mot dei futane som hadde vore der i 1650-åra. Claus Andersen var ikkje den som vart hardast kritisert. Det kan dels henge saman med at skattetrykket i 1651–55 var mindre enn i krigsåra 1657–60, dels med at Claus oppførte seg betre enn dei to futane som kom etter han. Klagene gjekk mykje ut på at futane blanda saman skatteinnkrevjinga for kongen med sin eigen kjøpmannskap. Det vart klaga mest over at futane kravde omfattande friskyss for arbeid med å transportere tømmer for dei, og at dei pressa ekstra ytingar av bøndene som vart utpanta for skatterestansar. Dessutan vart det klaga over at futane tok muter av folk som ville sleppe pliktar, til dømes soldatteneste. Det vart òg hevda at futane plussa på skattesatsane og stakk det overskytande i eigne lommer.

Dei futane misnøya galdt, fekk på førehand vite om at klageaksjonen var i emning, og dei prøvde å stoppe den ved å tilby bøndene å betale tilbake pengar til dei. Då tok bøndene imot pengane som Claus Andersen tilbaud, ”ønskende at deslige fleres connscientz [samvit] også måtte nøres,” skreiv Kviteseid-bøndene etterpå ironisk i klaga si. Men dei ville ikkje ha pengar tilbake av ettermannen hans, Hans Tidemann – dei tykte at han hadde oppført seg verre og var svært sint på han.

I 1657, 33 år gammal, gifta Claus seg med kusina Anna, dotter til morbroren, kjøpmann og rådmann Kristen Andersen (død 1641). Sivert Urne gav Claus Andersen ei avskilsgåve i 1655: Han utnemnde Claus til stiftsskrivar, og kongen stadfesta dette 27. juli 1655. Dermed overtok Claus kontrollen med økonomien til kyrkjene i lenet. Han leigde ut ein bygard i Skien som residens til lensherren, og både lensherren og amtmannen etter han brukte Claus mykje som fullmektig i krigsåra 1657–60 og i 1660-åra. Som kjøpmann hadde han vett på å vende utgifter til vinning: Under krigen 1657–60 brukte han over 200 riksdalar på å halde tre ryttarar med full utrusting for kongen, og i 1659 skaffa han seg som motyting skattefritak for storgarden Nordre Brekke. Den leigde han av krona, og to år etter fekk han kjøpe garden.

Overgangen til einevelde i 1660 kom til å bringe Claus Andersen endå meir i sentrum for utviklinga i Bratsberg. Det hang saman med at den tidlegare herren hans, Sivert Urne, døydde 16. februar 1661. Dermed skulle enka, Katarina Sehested, styre med godset og dei store verdiane som han lét etter seg. Fru Katarina hadde vore hoffdame hos dronning Sofie Amalie. Ho hadde ein av bustadene sine i København og stod framleis den mektige dronninga nær. Ho hadde pengar til gode hos krona og fekk 3. mai 1661 utlagt som pant krongods i Bratsberg, Brunla og Tønsberg len. Alt dette sette ho Claus Andersen til å styre med som fullmektig – men først drog han til København i april og var med på å taksere det pantegodset som ho fekk til ein særs låg takst!

 Det skulle vise seg at Katarina Sehested og Claus Andersen ordna med meir av det som vart viktig for Bratsberg-samfunnet i denne tida. Ho var ein verdifull alliert då den mektigaste kjøpmannen i København, Henrik Müller, var i ferd med å trekkje den lukrative trelasthandelen i Bratsberg til seg. I 1658 sikra Müller seg einerett til trelasteksport av tømmer frå skogane til krona i Vest-Telemark, og i 1661 brukte han den posisjonen han hadde skaffa seg som embetsmann i den sentrale statlege finansforvaltninga i hovudstaden, til å sikre seg forpaktinga av dei store kongelege sagene i Skien.

 Ved samarbeidet med Claus Andersen fekk Katarina Sehested snart pengar for krongodset ho hadde fått i pant, ved å avhende det til eliten i Skien, og dermed kunne Skiens-eliten hindre at Henrik Müller trengde seg endå meir inn. Claus Andersen vende heim til Skien etter København-besøket i april 1661, men alt i mai fekk han pålegg frå kongen sjølv om å reise snarast mogleg tilbake til København for der å ta imot nærmare ordre. No var han med på å ordne ein avtale med fru Katarina om at dei fremste kjøpmennene i Skien skulle overta noko av pantegodset hennar i Bratsberg. Og Fredrik 3. bidrog til nyordninga i Bratsberg sommaren 1661: Den 14. juli utnemnde kongen Claus Andersen til ny lagmann i Skien, utan tvil med Katarina som formidlar av ønsket hans om dette embetet. Claus var framleis fullmektigen hennar når det galdt det pantegodset som ho ikkje overdrog til Skiens-kjøpmennene sommaren 1661, mellom anna eit gods i Brunla len, der han medverka til å leige bort grunn til eit nytt jernverk, Brunlanes (Nes) jernverk.

Året etter, 18. desember 1662, kjøpte Claus Andersen saman med eit tital andre embetsmenn og kjøpmenn i Skien alt det godset Katarina Sehested hadde fått i pant av krona i Bratsberg, Brunla og Tønsberg len. Til saman skulle dei betale 22 000 riksdalar for dette godset (som var 440 huder rekna i matrikkelskyld). Dermed fekk fru Katarina alle pengane sine, samstundes som Skiens-eliten måtte betale 25 prosent meir enn etter taksten i pantsetjinga til Katarina Sehested året før. Men framleis var prisen godt under marknadspris. Det vi her er vitne til, gir innblikk i ein vanleg metode: at nøkkelpersonar i maktapparatet og ressurssterke familiar i provinsen samarbeidde om å skaffe seg økonomiske fordelar i transaksjonar med krona.(…)

Det var ikkje leigeinntektene av jordegodset som var hovudsaka for dei nye lokale eigarane, det var den store trelasteksporten dei ville sikre seg. Då var det viktig kva som hende med alle sagene som stod på stader som krona enno ikkje hadde selt, i alt 46 sager i Bratsberg len. Åtte sager som lensherren før hadde drive for kongens rekning (sagene på Gimsøy kloster), var no forpakta til Henrik Müller i København. Dei 38 andre hadde i ei lang årrekkje vore leigde ut til embetskjøpmenn: tidlegare futar og tollarar, lagmann, borgarmeistrar og byrådar og arvingane deira. I 1661–62 tinga representantane for kjøpmannsaristokratiet i dei norske byane med styresmaktene om utvida kjøpstadsprivilegium. Særleg ville dei sikre seg trelasthandelen i sine distrikt. Dei hadde utsendingar i København i 1662, og då fekk dei privilegiebrev med slike rettar.(…)

 Claus Andersen var lagmann i 18 år til 1679. Han var ikkje det vi ville oppfatte som ein typisk dommar, med si entreprenørånd og si pragmatiske og opportunistiske evne til å ordne opp og finne vegar fram i vanskeleg lende, med eigen fordel som ei viktig rettesnor. Styresmaktene hadde bruk for tenestene hans igjen og igjen, snart som vikar for ein amtmann, snart i ymse spesialoppdrag. Som dommar var han ein av dei mest kontroversielle: Dommane hans utløyste hyppige appellar til overdomstolen, som frå 166 var Overhoffretten i Kristiania. Samansetjinga av denne domstolen var ikkje akkurat slik at den kan brukast som belegg for påstandane til fleire historikarar om at eineveldet var ein rettsstat. Å vere dommar i Overhoffretten var fram til 1756 eit ulønt biverv, og kongen fylte retten med dei fremste embetskjøpmennene i Søraust-Noreg, fleire av dei var lagmenn, borgarmeistrar og rådmenn. Rett nok måtte dei gå ut av retten når deira eigne saker var oppe, men standsbrørne deira dømde i alle høve i desse sakene. Saker som Claus Andersen var involvert i, galdt dels dei han hadde dømt i, og som vart appellerte, dels dei han var part i, oftast private interessekonfliktar om økonomiske verdiar. Sjølv vart Claus Andersen også assessor (dommar) i Overhoffretten i 1670 etter Tønsberg-matadoren Anders Madsen, som han etter kvart kom i svogerskap med.

Borna til Anders Madsen tok etternamnet Tonsberg. Det hadde vore meininga at den eldste sonen Oluf skulle følgje etter Claus Andersen som lagmann. Oluf Tonsberg hadde gjort teneste i Kanselliet i København og vart i 1667 utnemnd til viselagmann i Skien. Truleg var det òg meininga at den eldste dottera til Claus, Maren, skulle gifte seg med Oluf, men han døydde i 1669. Så vart ein slektning av han viselagmann same året, nemleg sonen til den rikaste kjøpmannen i Skien, Iver Hansen, som vart gift med Maren i 1673 – då var ho framleis ikkje meir enn 15 år!

Claus Andersen trekte seg tilbake i 1679, då han fekk overlate lagmannsembetet til Iver Hansen, som var lagmann til han døydde i 1693. Seks år etter, i 1699, gifta enka Maren seg igjen, denne gongen med ein av dei fremste sagbrukarane i Drammensvassdraget, bergråd Niels Mechlenburg, son til Vilhelm Mechlenburg, som vi vart kjend med i førre kapitlet.

Claus Andersen hadde fleire døtrer og sørgde for ein ny allianse med Tonsberg-ætta. Etter at Anders Madsen døydde i 1670, styrte ein yngre son, Stig Tonsberg, det store handelshuset saman med mor si. Særleg hadde Stig Tonsberg hand om forretningane deira i Bratsberg, med Ulefoss-sagene og Holden jernverk som krumtappar. I 1675 gifta han seg med den snautt 16 år gamle Anne Clausdotter. Stig og Anne konsentrerte seg om sagbruksnæringa og vart dei største sageigarane i Skiensvassdraget, medan Holden jernverk vart selt til forvaltaren der, prestesonen Halvor Borse frå Hjartdal.

 Embetsverksemda til Claus Andersen gjekk hand i hand med den privatøkonomiske verksemda hans. Han overtok sin del av det krongodset som Skiens-eliten sikra seg i 1661–62 og vart ein stor godseigar med 150 gardpartar. Han åtte fem sager og disponerte dessutan to sager som tilhøyrde lagstolen, dvs. at han kontrollerte nær ti prosent av sagproduksjonen i Bratsberg amt. Ei registrering av sager i 1688 viser at ti etterkommarar og nære slektningar av Claus Andersen då åtte i alt 25 sager forutan dei to lagmannssagene, dvs. at dei tok hand om over ein fjerdepart av sagskurden i Bratsberg.

Men dermed har vi ikkje omtala alle verksemdene til Claus Andersen. Saman med svigersonen Iver Hansen bygde han seg sterkt opp som skipsreiar i 1670-åra. I 1678 hadde desse to mennene hovudpartar i åtte store handelsskip. Dette må vi sjå i samband med at Claus Andersen var kausjonist for Langesund-tollaren, Thommes Gerner. Då var det nok ei kjærkommen gjenyting når Gerner tok redusert toll for varer som vart frakta på skip som høyrde heime i distriktet – det gjorde han ved å registrere skipa med mindre tonnasje enn det dei i røynda hadde.

Claus Andersen hadde også jern i elden i bokstavleg forstand. Skiens-miljøet kom på slutten av 1600-talet til å kontrollere fem jernverk og ein stor jernhammar. Fossum jernverk i Gjerpen var blitt starta i 1540-åra, og i første halvdel av 1600-talet vart dette verket utvida. Denne utviklinga skaut fart då dei adelege eigarane i 1669 selde Fossum til Peter Børting, ein nordmann som hadde gjort karriere som godsforvaltar i Danmark. I 1672–79 forpakta Børting dessutan Fritsø jernverk i Larvik av statthaldar Ulrik Fredrik Gyldenløve. Holden jernverk på Ulefoss vart starta etter eit kongeleg løyve i 1657. Då Halvor Borse hadde kjøpt det i 1676, utvida han drifta. Han bygde sidan ein dobbel hammar på Hørte i Sauherad (nær grensa til Bø) og eit jernverk på Bolvik ved Voldsfjorden i Solum, nokså nær Porsgrunn.

Som vi hugsar, la Claus Andersen i 1661 til rette for bygging av Brunlanes jernverk (nær Helgeroa), og året etter vart han grunneigar der då Katarina Sehested selde godset til han. Han ytte truleg lån til verket og vart så deleigar, og i 1674 var han blitt hovudeigar. I 1660-åra vart han òg kreditor til Båseland jernverk i Nedenes amt, og då eigarane der ikkje klarte seg, vart han partseigar i Båseland (seinare Nes jernverk). Som ledd i skifteoppgjeret etter Claus Andersen vart Båseland selt til Peter Børting i 1682.

 Embetsmennene handheva statsmakta samstundes som dei kontrollerte det private produksjonslivet. Det bidrog til at statsfinansane og verksemda til desse handelshusa vart vovne inn i kvarandre. Det hende på den måten at kjøpmennene betalte store delar av skatten i Bratsberg på vegner av bøndene, og så fekk kjøpmennene oppgjer av bøndene i form av tømmer. Det var særleg sageigarane som dreiv på denne måten; slik sikra dei seg pålitelege leveransar, og dei har openbert gjort det med stor forteneste.

Claus Andersen var ein sentral edderkopp i denne verksemda. Samrøringa mellom offentlege og private finansar toppa seg i oppgjeret etter at telemarksfuten Philip Adolph Pauli i 1674 ikkje klarte å sende dei skattepengane han skulle overføre til København. Då synte det seg at både kjøpmenn og bønder skulda skatt for store summar, på grunn av sviktande konjunkturar som hadde ført til at eksporten og oppkjøpa av tømmer hadde gått i stå. Styresmaktene i København skreiv kontrakt med Claus Andersen om at han skulle levere jernvarer til den kongelege marinen i København for heile den resterande bratsbergskatten, og så skulle han krevje restansane inn av kjøpmennene og bøndene. I alt leverte han i 1674–76 jernvarer i tolv skipslaster til ein pris som vart sett til 14 172 riksdalar; vel to tredelar av dette galdt skatterestansar, resten var betaling av nye skattar i 1675–76. Lagmannen kasserte så inn oppgjer for alt dette frå bøndene. Bønder i Solum som budde nær Skiensfjorden, leverte ved og trekol til Brunlanes jernverk, alle dei andre bøndene lenger oppe i Telemark leverte sagtømmer og bjelkar. Slik kunne den mangfaldige lagmannen få stordrift i samvirke med statens finans- og militærvesen til å ende opp i ei omfattande samankopling av statleg og privat verksemd, av ulike næringar og ulike distrikt.

 Vi veit ikkje korleis den siste levetida var for Claus Andersen. Han stod seg i det minste svært godt økonomisk. Lenge budde han i Skien, der han hadde to bygardar. I 1671 vart Skien ramma av ein stor brann, og etter brannen flytta Claus med familien til Nordre Brekke i Gjerpen. Der budde han til han døydde i 1681. Han var ein av pionerane når det galdt å bu utanfor byen, og snart fekk han følgje av fleire i ein ring av patrisiargardar rundt Skien. Etter ein takst frå 1697 hadde våningshuset på Nordre Brekke 15 rom, i tillegg til drengestue og ei rekkje driftsbygningar, der det mellom anna fanst 2 hestar, 32 kyr og 2 oksar.
(…)
 
Cappelen Damm

Sist oppdatert: 15.04.2008

© Cappelen Damm AS