Kilde: Lokale og regionale særdrag

Kilde: Utdrag fra ”Lokale og regionale særdrag i indre norsk historie” av Stein Tveite. Fra Folket, bygda og historia, redigert av Edgar Hovland. Universitetsforlaget 1977.

Det som særmerker Noreg framfor dei fleste andre land er den store variasjonen frå bygd til bygd og frå landslut til landslut, framfor alt når vi tenkjer på næringsvegane og korleis dei blir kombinerte på kvar stad. Dette galdt i endå høgare grad i tidlegare tider, i det minste for perioden 1600–1900. Dette kom av store ulikskapar i natur, ressursar og sosiale system.

(…)

Dei mest vidtgåande utslag av variasjonen får vi når ei bygd skil seg ut frå bygdene ikring ved spesialisering i produksjon og tenester. Dette blir og viktig på landsbasis, sidan vi har så mange slike bygder. Det er eit uttrykk for arbeidsdeling innan større område. Her skal eg berre rekne opp nokre spreidde døme. Fleire er kjende, og heilt visst finst det mange fleire som er ukjende til no.

Spesialiseringa kunne finne stad innan sjølve jordbruket. I Jølster (Sunnfjord) fødde dei fram oksar som slaktefe, ”de videnberømte Jøltoxer”. Sal av slaktefe var vanleg frå mange bygder, men oksane frå Jølster skilde seg ut på to måtar. For det første skjedde salet om våren, elles var seinhausten naturleg nok den vanlege tida. Vidare var oksane uvanleg store, 6–7 år gamle med ei slaktevekt på opp til 180 kg, mot elles berre om lag 70 kg.

Spesialisering i jordbruket kunne bli kombinert med vidareforedling. Gerhard Schøning fortel frå Overhalla (Namdal) 1774: ”Men det, som man her fornemmelig, fremfor paa andre steder, paadriiver, er lin-avlingen, og den dermed forbundne spinden og væven. Ingensteds, her nordenfiælds, har jeg seet saa store og saa mange lin-agre, og neppe noget andetsteds spindes og væves saa meget af lerreder, samt andre tøier, … Her spindes og væves, i hver mands huus …” Ein bonde kunne selje årleg for 20–40 rdlr., når kona hadde ei tenestejente til hjelp.

Hovudtyngda i spesialisering kunne liggje på foredlinga av jordbruksprodukt, kombinert med oppkjøp av råvarer frå andre bygder. Dette galdt i Bjerkreim (Dalane), der dei la seg etter garving. 1805 fanst her 20–30 ”store bøndergarverier”. Dei kjøpte opp huder frå bygdene ikring, og frå byane. Såleis tok Bjerkreim-bøndene mot huder frå Kristiansand, der skipsprovianteringa førte med seg stor slakting.

 I andre bygder var det heller tale om handelen med jordbruksprodukt som det sentrale. I Gausdal dreiv dei med sauehandel heilt fram til etter hundreårskiftet. Sauen blei kjøpt opp i Nord-Gudbrandsdalen om våren, og sett bort på Gausdalsetrane om somaren. Handelskarane stod sjølve for slaktinga og salet av produkta.

I mange fjellbygder på Austlandet var det vanleg å handle med driftefe, både hest og storfe, kombinert med at handelskarane (driftekarane) sjølve stod for tilsynet med beitet. Feet blei kjøpt opp på Vestlandet, gjekk i beite på vidda, og blei drive ned til mottakarane på Austlandet ut på hausten. Ei slik bygd var Uvdal (Numedal). Men her blei driftehandelen dessutan kombinert med skreppehandel, truleg fyrst slik at dei tok med seg kråmvarer og nytta innkomene frå salet til oppkjøp av fe. Men andre uvdøler tok til med spesialisert skreppehandel i mykje vidare geografisk omfang, og nådde heilt til Troms og inn i Sverige. Dette kunne bli knytt saman med oppkjøp av andre varer.

Grunnlaget for spesialiseringa kunne vere å finne i andre av primærnæringane. Det mest kjente er dei mange bygdene som la seg etter båtbyggjing. Eg kan berre nemne som døme at midt på 1700-talet leverte Volda ”alle slags baade” til dei andre bygdene på Sunnmøre. Nokre bygder gjekk lengre og bygde større farty. Peder Dass nemner jektebyggjinga i Beiarn. Eit steg vidare var det når dei tok til med byggjing av havgåande skip, såleis i Sand og Vikedal (Ryfylke) midt på 1800-talet.

Mindre omtalt er husbyggjing som spesialitet for einskilde bygder. Schøning skriv at jordbruket i Klæbu (Sør-Trøndelag) hadde blitt mykje forsømt, særleg på grunn av tømmerhogst og husbyggjing, ”da en af klæbyggernes fornemste haandteringer har bestaaet i at optømre huse, kjøre dem om vinteren til Trondhiem, og der sælge dem …”. Her var det tale om husbyggjing i eigen regi, ”ferdighusproduksjon”, på basis av eigne råvarer. Det siste galdt ikkje for ”bygningsstrilane” ved Bergen. Dei høyrde særleg heime i Hosanger og Seim. Her var det ikkje nemnande skog, men dei handla til seg tømmer på Voss, flota det ned til Bolstadøyri og vidare heim. Det vanlege var at dei gjekk fram på same vis som klæbyggene, at produksjonen var lokalisert til heimstaden. Men dei kunne og føre opp husa i Bergen, som ”individuell” produksjon. Dette gjeld for fyrste helvta av 1800-talet. Men bøndene var aktive i husbyggjing i Bergen lenge før, såleis i oppbyggjinga av Bryggen etter brannen 1702.

Tjørebrenning for sal bygde likeins på lokale ressursar, t.d. i den store eksporten frå Nordvestlandet under den amerikanske fridomskrigen. Nokre bygder la seg særleg etter denne næringa, men problemet var at ressursgrunnlaget tok slutt, det fanst berre ei viss mengd røter i kvar bygd. Det blei tilfelle i Indre Holmedal prestegjeld (Sunnfjord). Men likevel var denne næringa ”meget almindelig” i 1820-åra. Dei hadde løyst problemet ved å ta i bruk ressursane i eit vidare område. Dei drog ut på tjørevedshogst om våren, og tinga seg rett til å grave røter. Så fylgde sjølve brenninga, og salet av tjøra. Dei var heime att i Jonsokleite, og kunne då ha 20 spdlr. med seg. Desse sunnfjordingane frå Dale og grannebygdene nådde heilt til Ryfylke.

Ljåproduksjon dreiv smedane med heime, men råvarene var innkjøpte, i alle fall på 1700-talet. Her fanst det likeins lokal ekspertise, slik at Tinn (Telemark) og Hornindal (Nordfjord) var dei viktigaste sentra i fyrste helvta av 1800-talet. Særleg for Tinn kan det vere at spesialiseringa fyrst av var basert på eigenproduksjon (myrmalm). Tidleg i dette hundreåret var det ennå 75–80 ljåsmedar i Tinn. Her var det heilt tydeleg tale om ein spesialitet, elles i Telemark blei det knapt smidd ein einaste ljå. Produkta frå Tinn og Hornindal blei spreidde over heile Sør-Noreg.

Eg nemnde at nokre bygder hadde lagt hovudvekta på handel, såleis ei form for tenesteyting. På liknande vis ser vi at andre bygder driv med transport både landevegen og sjøvegen. Mest kjent er køyring mellom Romerike og Kristiania med plankar o.a. I denne samanhengen kan vi merke oss at Romeriksbygdene ser ut til å ha deltatt i sers ulik grad, med t.d. stor skilnad på Eidsvoll og Nes. For sjøtransporten finst det likeins fleire døme. Alt midt på 1600-talet hadde nokre av bygdene kring Lindesnes fått seg eit rom i farten mellom Austland og Vestland.

Endeleg kan eg nemne at nokre bygder skilde seg ut ved eksport av arbeidskraft, med arbeidsvandringar av ulike slag. Frå Bjelland og Hægebostad (Vest-Agder) drog dei austetter på jordarbeid. Dei var ikkje onnehjelp, men eigenlege jordarbeidarar, som dreiv med nyrydjing, grøfting og gjerding. Sysselsetjinga fann dei i dei ytre bygdene i Aust-Agder og Telemark.

Desse vandringane er nemnde så tidleg som 1733. I bygdene like utanfor hadde vandringane ein heilt annan karakter. Midt på 1700-talet var det vanleg at både gutar og jenter frå Vanse drog til Holland ”for at fortjene sig klæder, og om mueligt noget lidet til hjelp naar de skal sætte sig ned”. Dei drog etter konfirmasjonen og var borte eit par år. Bøndene i Vanse kunne drive stuttare pendling over tid ved at dei drog ein sesong på kvalfangst frå Holland. (…)

 
 
 
Cappelen Damm

Sist oppdatert: 16.04.2008

© Cappelen Damm AS